Styrar i Førde barnehage

Sveio kommune
Published
28. september 2020
Location
Sveio, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description

Styrar i Førde barnehage, saksnr. 19/693

Er du vår nye styrar i Førde barnehage?Sveio kommune søkjer ein engasjert og utviklingsretta styrar til Førde barnehage.Førde barnehage er ein kommunal eigd barnehage med om lag 53 barn og 16 tilsette.Barnehagen har høgt fokus på eit inkluderande barnehagemiljø der varme og trygge relasjonar skal prega kvardagen til ungane.

I tillegg har kommunen ei stor satsing på tidleg innsats knytt til språkstimulering og språkutvikling.

Er du...

  • framtidsretta og fagleg interessert?
  • opptatt av utvikling av barnehagen som lærande organisasjon?
  • engasjert, initiativrik, lærelysten og samtidig villig til å reflektera over eigen praksis?
  • dyktig på å samarbeide med andre og ein tydeleg leiar?
  • oppteken av leiing som legg til rette for vekst og utvikling i personalgruppa?
  • god på å sjå heilskap?

I Førde barnehage vil du få:

  • Engasjerte kollegaer
  • Stor mogelegheit for å vidareutvikle barnehagen som organisasjon
  • Eit godt samarbeid med Sveiobarnehagene (Dei 7 andre barnehagane i kommunen)
  • Fagdagar og nettverk saman med andre styrarar.
  • Konkurransedyktig løn
  • God pensjonsordning

Kontaktperson:

Kommunalsjef skule, barnehage og kultur Solfrid Lier Habbestad, telefon 402 11 600

Styrar i Førde barnehage, Lise Ingebrigtsen, telefon 952 10 110.

Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter
www.sveio.kommune.no/selvbetjening

Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00
Gå til søknadssenter

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tiltrer stillinga.

SØKNADSFRIST: Snarest!

Styrar i Førde barnehage
Rull til toppen