Description
Ped.psyk rådgivarar/Rådgivarar
Vi søkjer etter kandidatar til arbeid i tenesteområda barnehage og grunnskule. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til arbeid med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge barnehage- og skuletilbodet betre til rette for barn med særlige behov og sakkunnige vurderingar av born og unge si utvikling og læring. Arbeidet vil gå føre seg ute i barnehagar og skular i møte med og i tett samarbeid med born/elevar, foreldre og personale. Det vert stilt krav om gode evner til samarbeid, fleksibilitet, til det å kunne arbeide sjølvstendig og målretta, og tidvis tåle høgt arbeidspress. Ein må pårekne mykje forflytning rundt i storkommunen. Det blir stilt krav om at den tilsette kan nytte eigen bil i arbeidet, og arbeidsgjevar gir tilgang til parkering og dekkjer utgifter etter statlege satsar. PPT i Ålesund skal yte tenester til det som tidlegare var kommunane Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund, samt Fjord kommune.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet er i hovudsak knytt til å drive utviklingsarbeid saman med barnehagar og skuler for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod for alle born. Dette vil gjelde førebygging, tidlig innsats, trygt og godt læringsmiljø samt rådgivning og støtte i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag.
- Ein stor del av oppgåvene er knytt til det å utvikle gode individuelle tiltak innanfor ramma av barnehagefellesskapet og klassefellesskapet. Dialog med føresette, barnehage eller skule, samt rettleiing inngår naturleg i prosessen. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal syte for at det blir utarbeidd lovpålagde sakkunnige vurderingar og hjelpe barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge eit likeverdig tilbod for born med særlege behov. Noko tid vil gå med til skriving av sakkunnige vurderingar som beskriv borns rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter Ped.psyk rådgivar/rådgivar med mastergrad innan tenesta sine fagområde og/eller solid bakgrunn, erfaring og kompetanse frå barnehage eller skuleområdet.
- Søkjarar med gode referansar og rett utdanningsnivå blir prioriterte dersom vedkomande i tillegg kan syne til solid realkompetanse frå barnehage eller skuleområdet, samarbeidsevne og er personleg eigna for stillingane.
- Det vil bli lagt stor vekt på referansar som syner at søkjar er skikka til tett fagleg samarbeid i team, og til å møte born og vaksne i barnehagar og skular med relasjonsbyggande framferd.
- Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda barnehagepedagogikk, spesialpedagogikk/ pedagogikk/ psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgivning, rådgivning eller utdanning knytt til organisasjons og utviklingsarbeid.
- Søkjarar må kunne syne til realkompetanse frå barnehage eller skule og til gode evner i norsk munnleg språk og skriftleg framstilling.
- Det er ynskjeleg med testteoretisk kompetanse.
- Ein må ved tilsetjing vere villig til å gå inn i etter/vidareutdanningsprogram i tråd med tenesta sine behov.
Personlege eigenskapar
- PPT ynskjer å rekruttere utviklings- og samarbeidsorienterte medarbeidarar som har erfaring frå teamarbeid og som har god kommunikativ kompetanse.
- Det å meistre begge målfører skriftleg tel positivt i den totale vurderinga.
- Søkjarar må oppgje referansar og kunne syne til erfaring fra liknande arbeidsoppgåver.
- Om søkjaren er personleg eigna og har god arbeidskapasitet vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Variert og spanande arbeid i ei stabil, kompetent og erfaren faggruppe.
- Etablerte rutinar for etter- og vidareutdanning i tråd med pålagte oppgåver, samt intern opplæring og rettleiing i arbeidet.
- PPT tilbyr konkurransedyktig løn etter avtale.
- PP-tenesta er pr.i dag organisert i fire team med fagleiarar på områda barnehage, grunnskule, læringsmiljøog vidaregående opplæring. I tenesta vil der vere kring 50 tilsette i ulike stillingar fra 2020. Dette inkluderer fagstab og fagleiarar, samt merkantil stab, assisterande leiar og verksemdsleiar.
- Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Nye Ålesund kommune, og er lokalisert i kontorlokaler Ørskog rådhus på Sjøholt og i Ålesund rådhus.
Kontaktinformasjon
Solfrid Stavdal , Einingsleiar , 412 98 311
Svein Ola Lillestøl, Verksemdsleiar, 950 84 371
Arbeidsstad
Keiser Wilhelmsgate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her