Fagleiar, Barnevern

Sula kommune
Published
12. oktober 2020
Location
Sula, Norway
Job Type
Heltid  

Description


Fagleiar, Barnevern

Presentasjon av stillingen:Barnevernet er samorganisert med fagområda helsestasjonen og pedagogisk psykologisk teneste i Tiltakseining for barn og unge (TBU). TBU har einingsleiar og fagområda har fagleiar.Som fagleiar er du ein fast del av ei drifts- og utviklingsorientert leiargruppe som består av einingsleiar, fagleiarar og tidvis tiltakskoordinator.

TBU er organisert under kultur og oppvekst.

Arbeidsoppgåver

Som fagleiar har du overordna ansvar for fag med mynde til å fatte vedtak etter Lov om barneverntjenester, samt medansvar for økonomi- og personalstyring, i nært samarbeid med einingsleiar.

Du skal leie og følge opp dine medarbeidarar, samt utvikle og drifte fagområdet i tråd med gjeldande lovverk.

Kvalifikasjonar

- Treårig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg
- Leiarutdanning og/eller erfaring med leiing er ønskeleg
- Erfaring og/ eller kunnskap om endrings- og utviklingsarbeid er ønskeleg
- God kunnskap om lovverk, saksbehandling og førstelinjearbeid i barneverntenesta

Personlege eigenskapar

- Inkluderande, motiverande og tydeleg leiarstil
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God relasjonskompetanse
- Tar initiativ og har god gjennomføringsevne
- Tar ansvar for fagutvikling og evner å inspirere andre
- Meistrar digitale verktøy godt
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Stor arbeidskapasitet

Personleg egnethet blir vektlagt. Ved ansetting må det bli framlagt godkjent politiattest.

Vi tilbyr

- Ei sentral leiarrolle i Tiltakseining for barn og unge
- Eit spanande og motiverande arbeidsmiljø
- Faglege utfordringar
- Fleksitidsordning
- God pensjonsordning
- Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Siw Kristin Tønnesen , Fagleiar barnevern, 70 19 91 55, siw.kristin.tonnesen@sula.kommune.no
Lindis Akslen, Einingsleiar, 92643295, lindis.akslen@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Slohaugvegen 13
6039 Lanegvåg

Søk på stillinga:Klikk her

Bruk
Drop files here browse files ...
Fagleiar, Barnevern
Rull til toppen
Are you sure you want to delete this file?
/