Notice: Function _load_textdomain_just_in_time was called incorrectly. Translation loading for the wpjobboard domain was triggered too early. This is usually an indicator for some code in the plugin or theme running too early. Translations should be loaded at the init action or later. Please see Debugging in WordPress for more information. (This message was added in version 6.7.0.) in /customers/d/b/3/kommunekanalen.no/httpd.www/wp-includes/functions.php on line 6114 Fagleiar, Barnevern - Kommunekanalen

Fagleiar, Barnevern

Sula kommune
Published
12. oktober 2020
Location
Sula, Norway
Job Type
Heltid  

Description


Fagleiar, Barnevern

Presentasjon av stillingen:Barnevernet er samorganisert med fagområda helsestasjonen og pedagogisk psykologisk teneste i Tiltakseining for barn og unge (TBU). TBU har einingsleiar og fagområda har fagleiar.Som fagleiar er du ein fast del av ei drifts- og utviklingsorientert leiargruppe som består av einingsleiar, fagleiarar og tidvis tiltakskoordinator.TBU er organisert under kultur og oppvekst.

Arbeidsoppgåver

Som fagleiar har du overordna ansvar for fag med mynde til å fatte vedtak etter Lov om barneverntjenester, samt medansvar for økonomi- og personalstyring, i nært samarbeid med einingsleiar.

Du skal leie og følge opp dine medarbeidarar, samt utvikle og drifte fagområdet i tråd med gjeldande lovverk.

Kvalifikasjonar

- Treårig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg
- Leiarutdanning og/eller erfaring med leiing er ønskeleg
- Erfaring og/ eller kunnskap om endrings- og utviklingsarbeid er ønskeleg
- God kunnskap om lovverk, saksbehandling og førstelinjearbeid i barneverntenesta

Personlege eigenskapar

- Inkluderande, motiverande og tydeleg leiarstil
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God relasjonskompetanse
- Tar initiativ og har god gjennomføringsevne
- Tar ansvar for fagutvikling og evner å inspirere andre
- Meistrar digitale verktøy godt
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Stor arbeidskapasitet

Personleg egnethet blir vektlagt. Ved ansetting må det bli framlagt godkjent politiattest.

Vi tilbyr

- Ei sentral leiarrolle i Tiltakseining for barn og unge
- Eit spanande og motiverande arbeidsmiljø
- Faglege utfordringar
- Fleksitidsordning
- God pensjonsordning
- Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Siw Kristin Tønnesen , Fagleiar barnevern, 70 19 91 55, siw.kristin.tonnesen@sula.kommune.no
Lindis Akslen, Einingsleiar, 92643295, lindis.akslen@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Slohaugvegen 13
6039 Lanegvåg

Søk på stillinga:Klikk her

Fagleiar, Barnevern
Rull til toppen