Pedagogisk leiar/Barnehagelærar

Hyllestad kommune
Published
16. mars 2021
Location
Hyllestad, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description


Pedagogisk leiar/Barnehagelærar

Hyllestad kommune har ledig ei 100 % stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar i Hyllestad barnehage.  Stillinga er som pedagogisk leiar, men det er òg moglegheit for tilsetting som barnehagelærar utan leiaransvar.  Stillinga er ledig frå 1.1.2020.

Arbeidsoppgåver:
- Som ped.leiar vil oppgåva di m.a. vere å leie og administrere arbeidet i avdelinga i tråd med retningsliner og årsplan, planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid.
- Du vil vere med å inspirere og medverke til barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
- Du vil vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid.

Kvalifikasjonar:
- Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar.
- Ev. andre med høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse vert òg oppmoda til å søkje.
-Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg.
- Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politi- og helseattest.

Personlege eigenskapar:
- Barnehagen har fokus på kvalitetsstyring og å skape eit godt miljø for borna - som pedagog er du med og bidrar til å utvikle barnehagen.
- Du bør ha eit fagleg og personleg engasjement, samt evne å ta ansvar.
- Du kan jobbe sjølvsteindig, men òg i team.

Vi er oppteken av mangfald og likestilling, menn vert oppmoda om å søkje.  Etter forskrift om særbehandling kan mannlige søkere gis fortrinn til stilling ved tilnærmet like kvalifikasjoner.

Vi kan tilby:
- Gode høver til å leike - kvar dag - både ute og inne!
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
- Løn etter tariff.
- Medlemsskap i Noreg si beste pensjonsordning KLP.

Barnehagen sin visjon:  Eg kan, eg vil - saman får vi det til!

I Hyllestad kommune har vi ein barnehage som dekkar heile kommunen.  Hyllestad barnehage ligg i Hyllestad sentrum, nedanfor kommunehuset, i enden av Åfjorden.  Vi har nydeleg utsikt utover fjorden og til det mektige Lifjellet, barnehagen har kort veg til fjæra og til Kvernsteinsparken.

Vi har eit mangfaldig læringsmiljø og fokus på språkopplæring, sosial kompetanse og vaksenrolla.  Barnehagen jobbar no med prosjekta "Leiing og kvalitet i barnehagen" (beste praksis) og "Språkløype".

Barnehagen har plass til 56 barn, fordelt på 4 avdelingar:
GLIMMER 9 barn 0-3 år
SKIFER 9 barn 0-3 år
GRANAT 16 barn 2-5 år
KONGLOMERAT 16 barn 2-5 år

Pedagogisk leiar/Barnehagelærar
Rull til toppen